VINKJELLER

VINKART

Sidan 1979 har eigar og vinentusiast Jan Bruse Andersen brukt mykje tid og energi på å realisere ein draum om å bygge opp ei av verdas mest komplette vinsamlingar.

Park Hotel Vossevangen AS  er stolte over at  Jan Bruse Andersen sin draum i dag er realisert og at vi har ein av verdas største og beste vinkjellarar med over 40.000 flasker på lager. Vinsamlinga dekker stort sett heile vinverda og inneheld om lag  6000 etikettar.

Vi trur at vin kan fortelje ei historie og at kvar flaske er ei unik oppleving, ei oppleving vi gjerne vil dele med deg.

 Ta del i den historia kvar vinflaske kan fortelje, frå den unge og sprudlande til den meir subtile karakteren av moden vin.

Vi er stolte av å kunne gje vinen den tid den treng  for å utvikle potensiale sitt for slik å kunne fortelje historia si på beste måte.

Dei siste åra har kjellaren vert administrert av Francesco Marzola. Francesco Marzola er vinnar av Norges beste sommelier i 2020 og «Skandinavias beste sommelier» i 2018. I dag er det tvillingparet Reidar & Robert som forvaltar kjellaren, som tidlegare læregutar av Francesco er kjellaren i gode hender.

Robert R. R. Johansen
Head Sommelier

Reidar R. R. Johansen
Wine Director

Vinkart

Klikk på knappen nedenfor for å se vinkartet.

Cookies.

Vi använder cookies för att se till att vi ger dig den bästa upplevelsen på vår webbplats.