PARK HOTEL VOSSEVANGEN

konferansar
og møter

KONFERENSER & Møter

Møterom som tar frå 2 til 600 personer

Førespurnad og bestilling: kurs@parkvoss.no eller ring 56 53 10 18

Den store konferansesalen på Park Hotel Vossevangen, Vossasalen, rommar opp til 600 personar. Voss sin eigen storsal med scene til foredrag, konferansar, konsertar, teater og utstillingar. Vossasalen kan enkelt delast inn i tre mindre salar slik at mindre grupper óg kan nytte den, utan at dei kjenner seg for små og for få.

Med Vossasalen er siste brikke på plass for Voss og Park som kurs- og konferansestad. Me har den gode og uformelle atmosfæren som arrangørane er på jakt etter, topp service og tilrettelegging, det beste i mat og drikke, spennande kultur- og naturopplevingar og eit rikt aktivitets-tilbod heile året.

Parkhotelvossevangen Konferansen Stående
Parkvoss Konferens 1
KONFERENSER & Møter

Konsentrasjon og avslapping

Kurs- og konferanseavdelinga er på heile 1400 m². Når du går ut av Vossasalen kjem du ut i Vossajuvet, eit stort og lyst vrimleområde med bar og fantastisk utsikt til Vangsvatnet og fjella ikring. Vossajuvet kan óg nyttast som utstillings- og messeområde.
Berre det å kunne gå opp på utsiktsbrua i Vossajuvet eller rett ut døra og ned til Vangsvatnet i pausane, skaper ein heilt spesiell stemning.

Som kursgjest på Park Hotel Vossevangen skal du kjenne deg tatt vare på. Her skal du slappe av, kose deg og kjenne at alt er lagt til rette for både maksimal konsentrasjon og maksimal avslapping.

KONFERENSER & MØTER​

førespurnad