Sidan 1979 har tidlegare eigar og vinentusiast Jan Bruse Andersen brukt mykje tid og energi på å realisere ein draum om å bygge opp ei av verdas mest komplette vinsamlingar.
Park Hotel Vossevangen AS er stolte over at Jan Bruse Andersen sin draum i dag er realisert og at me har ein av verdas største og beste vinkjellarar med over 47.000 flasker på lager. Vinsamlinga dekker heile vinverda og inneheld meir enn 7000 etikettar.
Me trur at vin kan fortelje ei historie og at kvar flaske er ei unik oppleving, ei oppleving me gjerne ynskjer å dele med deg.
Ta del i den historia kvar vinflaske kan fortelje, frå den unge og sprudlande til den meir subtile karakteren av moden vin.
Me er stolte av å kunne gje vinen den tid den treng for å utvikle potensiale sitt for slik å kunne fortelje historia si på beste måte.
Dei siste åra har kjellaren vert administrert av Francesco Marzola. Francesco Marzola er vinnar av Norges beste sommelier i 2020 og «Skandinavias beste sommelier» i 2018. I dag er det tvillingparet Reidar & Robert som forvaltar kjellaren, som tidlegare læregutar av Francesco er kjellaren i gode hender.
Ynskjer du å læra meir om korleis du smakar vin? Bestill vinsmaking hjå oss!
Ta ei djupdykk ned i vår prisbelønte vinkjellar med eit godt glass champagne i handa.
Få innføring i vinar frå land som Frankrike, Tyskland, Italia, den nye verda, eller smak deg gjennom ei verd av ulike bobler.
Me tilbyr smakingar etter ditt ynskje!
Velkommen til ei reise i vinens verden!
Bli medlem i Lobbyen og nyt førmåner allerede fra første dag.
Gjelder kun for nye bestillinger ved tilknytning til The lobby.
Årets Julegåve