VINKJELLER

VINKART

Sidan 1979 har tidlegare eigar og vinentusiast Jan Bruse Andersen brukt mykje tid og energi på å realisere ein draum om å bygge opp ei av verdas mest komplette vinsamlingar.

Park Hotel Vossevangen AS  er stolte over at  Jan Bruse Andersen sin draum i dag er realisert og at me har ein av verdas største og beste vinkjellarar med over 47.000 flasker i samlinga. Vinsamlinga dekker stort sett heile vinverda og inneheld meir enn 7000 etikettar.

Me trur at vin kan fortelje ei historie og at kvar flaske er ei unik oppleving, ei oppleving me gjerne vil dele med deg.

 Ta del i den historia kvar vinflaske kan fortelje, frå den unge og sprudlande til den meir subtile karakteren av moden vin.

Me er stolte av å kunne gje vinen den tid den treng  for å utvikle potensiale sitt for slik å kunne fortelje historia si på beste måte.

Dei siste åra har kjellaren vert administrert av Francesco Marzola. Francesco Marzola er vinnar av Norges beste sommelier i 2020, og «Skandinavias beste sommelier» i 2018.

I dag er det tvillingparet Reidar & Robert som forvaltar kjellaren, som tidlegare læregutar av Francesco er kjellaren i gode hender.

Robert R. R. Johansen – Head Sommelier

Reidar R. R. Johansen – Wine Director

Remi Asenci – Sommelier

Sebastian König – Sommelier

Eva Sanchez – Junior Sommelier

VERDENS BESTE VINKART

VERDENS BESTE GLASS-LISTE

Grunna tid og hensyn for at vinen skal utrykka best mulig ved åpning, ber me om at alle vinar må bestillast minst ein dag i forvegen 

Avvik kan forekomme

Klikk på knappen ovenfor for å se vinkartet.

Alt på lista er tilgjengelig i restaurant Elysée

NB!

Avvik kan forekomme 

Klikk på knappen ovenfor for å se vinkartet.