Vinkjellar

Verdas beste vinar ventar i ein hotellkjellar på Voss

Under oss ligg det eit skattekammer. Vinkjellaren vår har eit enomrt utval av nokre av dei beste vinane i verda. Her ligg om lag 70.000 flasker frå kvar einaste vindistrikt.
Me legg vekt på at gode vinopplevingar ikkje skal vera alfor dyre, så dei unike flaskene er mogleg å få for ein særs rimelig pris,samanlikna med andre restaurantar.

Omvisning og vinsmaking
Om du er utdanna vinkjennar eller berre glas i aromatiske dråpar, kan du få ei oppleving av dei skjeldne i vinkjellaren vår. Me tilbyr omvisning og smaksprøver med grundige forklaringar og rettleiing.

Vinsmakinga tar mellom 1,5 tog 2 timar og er eit populært supplement til hotellopphaldet eller restaurantbesøket. Det er og ein god aktivitet ved konferansar, eit bonusinnslag i store selskap og høgdepunkt for vinklubbar.

Har du noko spørsmål, ta gjerne kontakt med vår vinkelner Francesco Marzola.


Vinsmaking


Frankrike

Italia

Tyskland

Bourgogne Côte de Nuits

Bourgogne Côte de Beaune

Bordeaux

Bobler

Coravin

Mat & Vin