Hildo

Hildo 19 september

Hildo hadde premiere på Vossa Jazz i 2018 og har etter det turnert – og ikkje minst spelt inn musikken på plate. Prosjektet er hylla, har m.a. vore nominert til Kritikarprisen og har motteke ståande ovasjonar frå både publikum og presse. 

«Hildo» heitte den gamle kyrkjeklokka som ljoma over Vossevangen frå tårnet på Vangskyrkja i gamle dagar. Musikarane har teke utgangspunkt i ulike folketonar og slåttar, og serverer dei i nye arrangement og med nykomponerte tema. Det vert både balladar, bånsullar, stev, barnesongar, salmar og slåttar, i hendene på desse fantastiske musikarane.

Tore Brunborg – saksofon
Berit Opheim – vokal
Kåre Opheim – trommer, perkusjon
Steinar Raknes – kontrabass 

Vossasalen laurdag 19. sepmtember kl. 19.00

Kjøp billettar hjå TicketCo.

Konserten vert skipa til etter gjeldande retningslinjer frå FHI.

Velkomen!

Nyheiter


You are now subscribed