Hagefest

Hagefest 2020

Velkomen til Hagefest på Park Hotel Vossevangen.

Her blir det standup og konsertar i heile juli.
Jan Eggum, Ingebjørg Bratland, Bjørn Eidsvåg, Jonas Fjeld, Twang Gang og Uncle Bennys står for dei musikalske perlene, medan eit herleg lag med pratmakarar frå Stand Up Norge pluss ein fergebilletør frå Sunnmøre lurer fram latterkrampene.

Saman med BV- Event og Voss Lyd lager me til fest i hagen og stiller med flott utescene og smittevernsvennlig kapasitet. Difor er det eit begrensa antal billettar til sal, men doble show kvar kveld:) Så her er det lurt å vere snar med å fikse seg ein billett!

Programmet ser slik ut:

Fredag 3. Juli: Stand up med Jonas Bergland / Bjørn-Helge Ødegaard
Sundag 5. Juli: Jan Eggum

Fredag 10. Juli: Standup med Klypa
Laurdag 11. Juli: Ingebjørg Bratland

Fredag 17. Juli: Stand up med Jonna Støme/ Christer Torjussen
Laurdag 18. Juli: Twang Gang/ Uncle Bennys

Laurdag 25. Juli: Bjørn Eidsvåg med Band

Sundag  26. Juli: Sondre Lerche

Laurdag 1. August: Jonas Fjeld

Sundag  9. August: Frida Ånnevik

Billettar og spesifikke tidspunkt for arrangementa finn du her

Hjarteleg velkomen til Hagefest 2020.

 

 

Nyheiter


You are now subscribed