Mat, Musikk og Vin

Orda velkomponert og eksklusivt er dei som best skildrar konseptet Mat, musikk & vin. Berre høyr: meisterkokk Kari Innerå og hennar eminente samarbeidspartnar, vinskribenten Merete Bø, presenterer eit lekkert samansett trerettars måltid, musikalsk vertar Arve Tellefsen og Sveinung Bjelland byr på utsøkt tonefølgje, og sist, men ikkje minst, hotellsjef Jan Bruse Andersen opnar dørene til ein av Europa sine mest innhaldsrike vinkjellarar, og serverer gjestene drykk frå øvste hylle. Alt ligg til rette for ein kveld med rein nyting på alle plan.

Påmelding