Mat, musikk og vin – Voss à la France 26.10.19

Den virtuose kokken Anders Tveite frå Tveite Gard set saman ein meny som spegler både fortid og framtid. Nokre av rettane er henta frå hans bakgrunn frå (Michelin-)restaurantar i inn- og utland, og nokre rettar han har utvikla til sitt nye restaurantkonsept, som opnar i 2020. Kortreiste ingredienser og franske tilbredingsteknikkar går igjen i menyen. Sommelier Francesco Marzola bringer fram det beste i kokkekunsten med velsmakande og spanande viner som spegler Tveite sin matfilosofi.

Dei gourmetglade kan òg sjå fram til innhaldsrik og vidfemnande underhaldning under måltidet: Pianist, komponist og musikkformidlar Wolfgang Plagge kjem og sprer kunnskap, vellyd og humør!

MERK:
Billettar/påmelding til «Mat, musikk & vin» vil berre gå gjennom Park Hotel via telefon 56 53 10 00 eller epost til elysee@parkvoss.no